Tuesday, February 24, 2015

Skitur mot Skarvasshaugane og Pikkhaug

Den første turen me var på i vinterfjellet gjekk frå dalen, nærmare bestemmt Hollekve. Plan A var å gå mot Reipa, følga Skarvassgrova oppover mot Skarvasshaugane og returnere samme veg. Plan B var å gå mot Reipa, følje stien mot Rysete, og eventuellt opp på Skarvasshugane. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom me ser at ting utviklar seg. Me forbreda oss i timane før me skulle ut,me såg på rutene ilag og klassen var med på å bestemme ture, me laga ei felles utsstyrliste og alle fekk besked om å finne fram utstyret i god tid før me skulle ut. Turen gjekk litt utenom både plan A og B. Me gjekk mot Reipa, men fortsette litt lenger fram før me tok oppover mot Skarvasshaugane istadenfor å ta av ved Skarvassgrova. Me sigla heller ikkje samme veg nedatt, men køyrde heller direkte nedatt i løypene, der me starta turen.

Løypa for turen til Skarvasshaugane

Den andre turen var mandagen etter vinterferien, denne turen var det ikkje klassen som hadde planlagd, men ein student som også var med oss på turen. Plan A var å begynne på Goro, gå opp på Ospesete og vidare opp på Pikkaug. Plan B var å snu før dersom me ikkje rakk heilt opp. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom det vart behov for det. Me hadde ein bil som stod på Goro i tilfelle me måtte ta kriseplanen i bruk. Bussen som skulle hente oss på skulen var ein halv time for sein, me fekk derfor ganske mykje dårlegare tid enn planlagd og rakk derfor ikkje å gjennomføre plan A, me måtte derfor ty til plan B. Det var to grupper som fekk ansvaret for navigeringa, og måtte finne den nøyaktige ruta dei skulle lede gruppa. Den første gruppa valgte å følje traktorvegen så langt den rakk før dei tok stien opp til Ospesete istadenfor å ta kart-kurs gjenom skogen. Dette var eit ganske godt val då me fekk erfare at denne vegen vart utfordrande nok for oss. Frå Ospesete var det eg og Vegard som skulle finne ruta vidare. Me valde og følje det store ledelinjene i området både fordi det var lettare og navigere derifrå og fordi det vart lettare terreng for gruppa å gå i. Me sikta oss først inn på ein traktorveg som låg litt over seteren, og følde den til me kom til kraftlinja. Me følde kraftlinja til den hadde eit knekk. Dette vart målet for turen. Når me kom opp der hadde me ein øvelse med kart og kompass for å sjå kor viktig det er å vere nøyaktig når ein skal orientere seg i omgivelsane. Etter ein liten pause der oppe sette me kursen nedatt mot Goro, me følgde no kraftlinja heile vegen til me kom til traktorvegen att.

Løypa for turen opp mot Pikkhaug


Målet for desse turane var å teste utstyret, finne ut korleis gruppa fungerte på skitur og lære korleis me skal bevege oss i vinterfjellet. Me har fått testa utstyret og alle har utstyr som fungerar for litt lengre turar, me har også lært at feller er viktige på slike turar! Gruppa fungerer godt ilag, med eit greitt tempo og med gaske jamne skiferdigheiter. Me har lært mykje nytt om korleis ein skal oppføre seg i vinterfjellet. For å unngå snøskred skal ein halde seg tre ganger så langt ut frå ei fjellside som ho er høg, dersom ho er over 5 meter høg og 30 grader bratt. Ein må også vere forsiktig med terrenget ein ferdast i, vatn og innsjøar er ofte vanskelege å sjå i vinterfjellet grunna mykje snø og vind som jamnar ut landskapet. Regulerte vatn er spessielt farlege fordi dei er mykje verre og få seg opp ifrå. Det kan også vere vanskeleg å orientere seg på kartet når alt er snødekka, ein må derfor sjå eter større ledelinjer som også er synlege i vinterfjellet. Døme på dette kan vere vegar, hytter, kraftlinjer større høgder eller søkk osv.

Eg har fått mange nye erfaringar på desse turane. Blandt anna har eg lært kor viktig kart og kompass er for å sikre omgivelsane sine i vinterfjellet, me har og erfart at det er veldig viktig å kle seg godt med lag på lag når ein er ute, det hindrar både kulde og svette! Det var og veldig morsomt å gå etter kart og kompass og ikkje berre gå etter stiar og vegar der ein har gått før.

Fornøygde jenter på ein kjekk tur!


Det var kjekke turar og eg kjenner eg gledar meg til snøholeturen!