Tuesday, June 9, 2015

Overnattingstur med kano

Torsdag 4 Juni reiste friluftslivklassen på padletur innover barnes-fjorden, med mål Øyna. Me hadde på forhand rekna ut, at det kom til å ta rundt 1 og ein halv time, frå me starta å padle til me var i land att. Turen var på omlag 3,5 km, og me reknar at på flatt vatn padlar ein omlag 4 km i timen, men med tanke på at me ikkje er så erfarne innan kanopadling og at det var ein del vind, rekna me litt ekstra tid. Tidsplanen vår stemte ganske nøyaktig! På vegen tilbake, dagen etter, hadde me eit rolegare tempo, og denne dagen var vatnet blikk stilt, så tidsbruken var omlag den same. 

Den raude streken er ruta vår torsdag, og den blå er ruta heim på fredag.
På ettermiddagen padla me over til Barsnes og innover langs strandlinja til Saurane. Der la me frå oss kanoane og gjekk opp stien mot Dal. Padleruta til Saurane var omlag 2,7 km, altså brukte me omlag 45 min på dette. Frå Saurane gjekk me ein kort gåtur opp mot Dal, me brukte omlag tre kvarter på denne turen. Padleturen vår tilbake til Øyna tok lengre tid enn den gjorde fram. Det var mykje motvind og sterke bølger, noko som gjore at tempoet sank, og gruppa vart meir splitta. 


Den raude streken er padleruta vår fram, og den blå er tilbake. Den lilla streken er turen me gjekk.



Kvelden brukte me på å lage middag å ha det koseleg rundt bålet. Me hadde og ei felles samling, der me lærde oss mange nyttige knutar! Geitene på øya fekk å mykje oppmerkomheit!








Padling dag nr. 2
Bang og Tang 

På denne turen fekk me enda betre samhold i gruppa, og me lærde mykje nytt om å være gruppe på kanotur. Me erfarte og at det er viktig å være nærme kameratkanoen sin i tilfelle uhellet er ute!

Ferdselsmønster og manøvrering av kano har eg skrive om i forrige innlegg.



Wednesday, April 29, 2015

Kanopadling og kameratredning

13 April, var friluftslivklassen på Kanotur. Me hadde først ei økt i klasserommet der me planlagde turen og gjekk gjennom nødvendige detaljar om kanopadling.

Flytevest er det viktigaste ein må ha på seg når ein er på vatnet. Denne spelar ein stor rolle på sjansen du har til å overleve dersom du fell i vatnet. Ullklede er gunstige klede å ha på seg på ein kanotur. Vatnet blir soge opp i fibrane og varma opp av kroppen din, slik at det blir eit lag mellom det kalde vatnet og kroppen din, det fungerar altså som våtdrakt, og reduserer varmetapet. Eit vasstett lag utanpå er også lurt, for å unngå å bli våt av vasssprut som kjem når du padlar. Avamp og ause er utstyr som er kjekt å ha med, for å hundre at kleda og sekkane som ligg i kanoen blir våte. Tau som ein kan bruke til sleping, og ei ekstra åre er også utstyr som må vere med på lengre turar.

Når me er ute på turar er det også viktig å halde seg nære land, i tilfellet ein skulle være ute for eit uhell. Gruppa må også halde seg samla, så ein kan få raskt hjelp under eventuelle situasjonar. Masjfarten på flatt vatn er omlag 4 km/t. Men dette varierar mykje alt etter vær, vindretning og tempo.

Dei fleste ulykkene med kano skjer når ein skal settje den på vatnet eller ta den oppat på land. Det er viktig å ta det roleg å lage ein plan på korleis ein skal sjøsetje kanoen. All bagasje skal opp i etter at båten er på vatnet. Når personar skal sette seg oppi må ein passe på at nokon held båten intil land, og at ein set seg rett nedi båten, og unngår å gå og stå. Det samme gjeld når kanoen skal på land.

Sitjestilling er og ganske viktig å vere folkusert på når ein sit i kanoen. Dersom ein sit på knea og kviler baken mot setet har ein ein veldig gunstig sitjetilling. ein har no større rekkjevidde, gunstigare villkår for å få bruke dei store muskelgruppene og det er betre for ryggen. Dette er den beste stillinga i sterk motvind eller i elv med store bølgjer.


Lengda på åra og korleis ein held ho har mykje å seie for framgangen. Åra skal rekke deg litt over haka. Ein held den ytre handa oppe på åra, mendan den indre held ein på skaftet. Dei aller fleste taka skal takast med strake armar, for å overføre mest mogleg kraft i kvart åretak.

Kameratreding er viktig å kunne dersom ein av kanoane veltar langt utanfor land. To og to kanoar held seg ekstra nærme kvarandre, og er ansvarlege for å hjelpe dersom dette trengst. Dei to som veltar må raskast mogleg, utan å tenke på årer og anna utstyr, komme seg til eine enden av kanoen, medan dei to andre kjem seg nærare den andre enden. Dei to i vatnet megg seg over kanoen, og får vippa eine enden opp i båten til dei to andre. Dei to som har falle i vatnet har no gjort sn jobb, og kan legge seg å kvile ved kameratkanoen. Dei to oppi båten må no dra den andre kanoen på tvers over, tømme den for vatn, snu sen rundt og legge den nedatt på vatnet. Medan dei oppi kanoen stabiliserar båtane, klatrar dei to i vatnet oppat i, men berre ein om gangen.


Eg har fått mange nye erfaringar på denne turen, og når me hadde kaeratredning i bassenget. Ein må først og fremst vere forsiktig når ein går ned og oppat av kanoen, og ein må ikkje stå i kanoen! Me må også være flinke å følje strandlinja, for sjølv om kameratredningen gjekk greit i bassenget, blir det noko anna når situasjonen er reell, og vatnet er iskaldt. Det er derfor betryggande å være nærme land.



Thursday, March 19, 2015

Snøholetur på Rysete

Mandag den 16. Mars var eg og resten av friluftslivklassen klare for å vende nasen mot Hodlekve, og hadde mange timar med graving av snøhole framfor oss. I dette innlegget skal eg ikkje fortelje om sjølve turen, men fokusere meir på sjølve byggjinga og konstryksjonen av snøhola, og mine erfaringar frå turen.

Utsikta frå snøhola

Det aller første ein må tenkje på når ein skal grave snøhole, er staden ein skal grave på. Ein må passe på at dersom skavelen er over 30 grader bratt, må den ikkje vere over 5 meter høg. Dette kan føre til høg skredfare, og ein bør i tilfelle halde seg i god avstand frå skavelen. Ein må også tenke på å finne ein god skavel med god snø. Ein må ha med seg søkestang for å sjå kor djup skavelen er så ein ikkje risikerar å møte på stein og fjell etter ein har gravd seg litt innover i snøen. At snøen i skavelen er mjuk og lett og jobbe med har også mykje å seie for korleis opplevinga av gravinga blir. Men dette er sjølvsagt ganske vanskeleg å vite før ein har komme eit stykkje inn i skavelen.

Når ein skal byrje å grave, startar ein ganske høgt oppe i skavelen, med to groper, ca ein meter i frå kvarandre. Den eine gropa skal vere inngang, og den skal gravast så stor at høgstemann skal ha moglegieta til å stå utan å komme borti taket, men den skal heller ikkje vere noko serleg større. Den andre inngangen er til brisken. Denne skal ein ikkje grave noko høgare enn at alle skal klare å sitje i den. Inngangen til brisken skal seinare tettast ighjen, men med to inngangar til å starte med, kan fleire grave og gruppa kan jobbe mykje meir effektivt.

Under gravinga

Ytterveggane i hola skal vere minst 30-40 cm tjukke for at hola skal kunne oppnå maksimal varme. Kuldegrop er også veldig viktig for at hola skal halde seg så varm som mogleg. Når me byggjer hola på denne måten, med ein høg inngang, og brisken ca. opp til hoftehøgde, brukar me inngangen som kuldegrop, og sparar oss for mykje graving. Som sagt må taket vere visst tjukt for å unngå varmetak, men dette er og viktig for å unngå at taket på hola søkk. Taket kan heller ikkje være flatt men må ha ein meir avrunda form for å fortele vekta, og altså då hindre at det søkk. Ein må også vere veldig nøyen med å glatte ut taket, slik at det ikkje har skarpe kantar og større ujamheitar. Dersom ein har dette vil det smelte og dryppe når det blir varmegrader i hola. Det kan også vere ein fordel å lage ein aldri så liten helling mot midten på golvet på soveplattået, og ligge tett med liggjeunderlagaa. Med dette unngår ein at soveposane er i kontakt med snøen, og hindrar fuktigheit og kulde.

Atttettinga av brisken

Når ein har tetta igen brisken og seier seg fornøygd med innsida av snøhola, manglar ein berre å tette igjen mykje av inngangen, slik at ein berre har eit lite krypehol nederst i opningen. Opninga skal vere under høgda til brisken for å inngå varmetap. Ein sagar ut store snøblokker, og tettar heilt igjen med meir laus snø. Me hadde ganske brei inngang og fekk derfor problem med å laga store nok blokker, derfor brukte me skia våre til å støtte opp snøen med. Men ein må då passe på å ikkje legge for mykje press på skia, og selfølgeleg passe å at ein ikkje skal på skitur sienare på kvelden ;)


Utsikta frå Høgehaug

Eg har tidlegare vore på to snøholeturar, men dette var den desidert kjekkaste turen og den eg har lært mest av. Me fekk gode instruksjonar av lerarane og bygde snøhola på ein veldig lur måte, noko som gjore til at me fraus lite gjennom natta. Me lærde og om dei ulike laga i snøen og korleis desse laga har mykje å seie for skredfaren i fjellet. Dette er iallefall ein erfaring som eg tek med meg på både korte og lange turar i vinterfjellet framover. Me fekk og erfare korleis mat som var lur å ha med seg i vinterfjellet, og me fekk merke på kroppen at det å ikkje gå tom for energi er endå viktigare på vinteren enn på sommaren. Alt i alt mange gode erfaringar, og ein super tur!

Tuesday, February 24, 2015

Skitur mot Skarvasshaugane og Pikkhaug

Den første turen me var på i vinterfjellet gjekk frå dalen, nærmare bestemmt Hollekve. Plan A var å gå mot Reipa, følga Skarvassgrova oppover mot Skarvasshaugane og returnere samme veg. Plan B var å gå mot Reipa, følje stien mot Rysete, og eventuellt opp på Skarvasshugane. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom me ser at ting utviklar seg. Me forbreda oss i timane før me skulle ut,me såg på rutene ilag og klassen var med på å bestemme ture, me laga ei felles utsstyrliste og alle fekk besked om å finne fram utstyret i god tid før me skulle ut. Turen gjekk litt utenom både plan A og B. Me gjekk mot Reipa, men fortsette litt lenger fram før me tok oppover mot Skarvasshaugane istadenfor å ta av ved Skarvassgrova. Me sigla heller ikkje samme veg nedatt, men køyrde heller direkte nedatt i løypene, der me starta turen.

Løypa for turen til Skarvasshaugane

Den andre turen var mandagen etter vinterferien, denne turen var det ikkje klassen som hadde planlagd, men ein student som også var med oss på turen. Plan A var å begynne på Goro, gå opp på Ospesete og vidare opp på Pikkaug. Plan B var å snu før dersom me ikkje rakk heilt opp. Kriseplanen var å returnere på eit gunstig tidspunkt dersom det vart behov for det. Me hadde ein bil som stod på Goro i tilfelle me måtte ta kriseplanen i bruk. Bussen som skulle hente oss på skulen var ein halv time for sein, me fekk derfor ganske mykje dårlegare tid enn planlagd og rakk derfor ikkje å gjennomføre plan A, me måtte derfor ty til plan B. Det var to grupper som fekk ansvaret for navigeringa, og måtte finne den nøyaktige ruta dei skulle lede gruppa. Den første gruppa valgte å følje traktorvegen så langt den rakk før dei tok stien opp til Ospesete istadenfor å ta kart-kurs gjenom skogen. Dette var eit ganske godt val då me fekk erfare at denne vegen vart utfordrande nok for oss. Frå Ospesete var det eg og Vegard som skulle finne ruta vidare. Me valde og følje det store ledelinjene i området både fordi det var lettare og navigere derifrå og fordi det vart lettare terreng for gruppa å gå i. Me sikta oss først inn på ein traktorveg som låg litt over seteren, og følde den til me kom til kraftlinja. Me følde kraftlinja til den hadde eit knekk. Dette vart målet for turen. Når me kom opp der hadde me ein øvelse med kart og kompass for å sjå kor viktig det er å vere nøyaktig når ein skal orientere seg i omgivelsane. Etter ein liten pause der oppe sette me kursen nedatt mot Goro, me følgde no kraftlinja heile vegen til me kom til traktorvegen att.

Løypa for turen opp mot Pikkhaug


Målet for desse turane var å teste utstyret, finne ut korleis gruppa fungerte på skitur og lære korleis me skal bevege oss i vinterfjellet. Me har fått testa utstyret og alle har utstyr som fungerar for litt lengre turar, me har også lært at feller er viktige på slike turar! Gruppa fungerer godt ilag, med eit greitt tempo og med gaske jamne skiferdigheiter. Me har lært mykje nytt om korleis ein skal oppføre seg i vinterfjellet. For å unngå snøskred skal ein halde seg tre ganger så langt ut frå ei fjellside som ho er høg, dersom ho er over 5 meter høg og 30 grader bratt. Ein må også vere forsiktig med terrenget ein ferdast i, vatn og innsjøar er ofte vanskelege å sjå i vinterfjellet grunna mykje snø og vind som jamnar ut landskapet. Regulerte vatn er spessielt farlege fordi dei er mykje verre og få seg opp ifrå. Det kan også vere vanskeleg å orientere seg på kartet når alt er snødekka, ein må derfor sjå eter større ledelinjer som også er synlege i vinterfjellet. Døme på dette kan vere vegar, hytter, kraftlinjer større høgder eller søkk osv.

Eg har fått mange nye erfaringar på desse turane. Blandt anna har eg lært kor viktig kart og kompass er for å sikre omgivelsane sine i vinterfjellet, me har og erfart at det er veldig viktig å kle seg godt med lag på lag når ein er ute, det hindrar både kulde og svette! Det var og veldig morsomt å gå etter kart og kompass og ikkje berre gå etter stiar og vegar der ein har gått før.

Fornøygde jenter på ein kjekk tur!


Det var kjekke turar og eg kjenner eg gledar meg til snøholeturen!