Thursday, March 19, 2015

Snøholetur på Rysete

Mandag den 16. Mars var eg og resten av friluftslivklassen klare for å vende nasen mot Hodlekve, og hadde mange timar med graving av snøhole framfor oss. I dette innlegget skal eg ikkje fortelje om sjølve turen, men fokusere meir på sjølve byggjinga og konstryksjonen av snøhola, og mine erfaringar frå turen.

Utsikta frå snøhola

Det aller første ein må tenkje på når ein skal grave snøhole, er staden ein skal grave på. Ein må passe på at dersom skavelen er over 30 grader bratt, må den ikkje vere over 5 meter høg. Dette kan føre til høg skredfare, og ein bør i tilfelle halde seg i god avstand frå skavelen. Ein må også tenke på å finne ein god skavel med god snø. Ein må ha med seg søkestang for å sjå kor djup skavelen er så ein ikkje risikerar å møte på stein og fjell etter ein har gravd seg litt innover i snøen. At snøen i skavelen er mjuk og lett og jobbe med har også mykje å seie for korleis opplevinga av gravinga blir. Men dette er sjølvsagt ganske vanskeleg å vite før ein har komme eit stykkje inn i skavelen.

Når ein skal byrje å grave, startar ein ganske høgt oppe i skavelen, med to groper, ca ein meter i frå kvarandre. Den eine gropa skal vere inngang, og den skal gravast så stor at høgstemann skal ha moglegieta til å stå utan å komme borti taket, men den skal heller ikkje vere noko serleg større. Den andre inngangen er til brisken. Denne skal ein ikkje grave noko høgare enn at alle skal klare å sitje i den. Inngangen til brisken skal seinare tettast ighjen, men med to inngangar til å starte med, kan fleire grave og gruppa kan jobbe mykje meir effektivt.

Under gravinga

Ytterveggane i hola skal vere minst 30-40 cm tjukke for at hola skal kunne oppnå maksimal varme. Kuldegrop er også veldig viktig for at hola skal halde seg så varm som mogleg. Når me byggjer hola på denne måten, med ein høg inngang, og brisken ca. opp til hoftehøgde, brukar me inngangen som kuldegrop, og sparar oss for mykje graving. Som sagt må taket vere visst tjukt for å unngå varmetak, men dette er og viktig for å unngå at taket på hola søkk. Taket kan heller ikkje være flatt men må ha ein meir avrunda form for å fortele vekta, og altså då hindre at det søkk. Ein må også vere veldig nøyen med å glatte ut taket, slik at det ikkje har skarpe kantar og større ujamheitar. Dersom ein har dette vil det smelte og dryppe når det blir varmegrader i hola. Det kan også vere ein fordel å lage ein aldri så liten helling mot midten på golvet på soveplattået, og ligge tett med liggjeunderlagaa. Med dette unngår ein at soveposane er i kontakt med snøen, og hindrar fuktigheit og kulde.

Atttettinga av brisken

Når ein har tetta igen brisken og seier seg fornøygd med innsida av snøhola, manglar ein berre å tette igjen mykje av inngangen, slik at ein berre har eit lite krypehol nederst i opningen. Opninga skal vere under høgda til brisken for å inngå varmetap. Ein sagar ut store snøblokker, og tettar heilt igjen med meir laus snø. Me hadde ganske brei inngang og fekk derfor problem med å laga store nok blokker, derfor brukte me skia våre til å støtte opp snøen med. Men ein må då passe på å ikkje legge for mykje press på skia, og selfølgeleg passe å at ein ikkje skal på skitur sienare på kvelden ;)


Utsikta frå Høgehaug

Eg har tidlegare vore på to snøholeturar, men dette var den desidert kjekkaste turen og den eg har lært mest av. Me fekk gode instruksjonar av lerarane og bygde snøhola på ein veldig lur måte, noko som gjore til at me fraus lite gjennom natta. Me lærde og om dei ulike laga i snøen og korleis desse laga har mykje å seie for skredfaren i fjellet. Dette er iallefall ein erfaring som eg tek med meg på både korte og lange turar i vinterfjellet framover. Me fekk og erfare korleis mat som var lur å ha med seg i vinterfjellet, og me fekk merke på kroppen at det å ikkje gå tom for energi er endå viktigare på vinteren enn på sommaren. Alt i alt mange gode erfaringar, og ein super tur!

No comments:

Post a Comment