Monday, December 8, 2014

Turmat

Det viktigaste når når det gjeld mat på tur, er å få i seg nok mat og drikke. Me må få i oss nok feitt, karbohydrat og protein for å ha nok energi til å utføre den turen me skal. Dersom dette behovet ikkje vert dekka fullt, tek me det som manglar frå kroppslageret. I kvardagen bør maten vår innehalde 55% karbohydratar, 30% feitt og 15% protein. Me kan dele karbohydratar inn i to typar: komplekse karbohydrat("sakte") og simple karbohydratar ("raske"). Når me er på tur treng me både komplekse og simple karbohydratar. Dei komplekse får me i oss ved groft brød, kornprodukt, havregryn, ris, pasta osv., altså energi me brukar lenger tid på og forbrenne. Dei simple karbohydratane får me i oss ved frukt, rusiner, nøtter, sjokolade, loff og sukker, desse brukar me ofte som mellommåltid når me treng ekstra energi. Når me er aktive forsvinn mykje av kroppsveska vår gjennom sveitte, me treng derfor meir drikke enn vaneleg, me må altså drikke meir enn det tørsten tilseier.



Andre ting ein må tenke på når det gjeld turmat er lite vekt og lite volum. Ein må også tilpasse maten etter årstidene. I frosttemperatur må ein tenke på at maten frys, og i varm temperatur må ein tenke på at maten skal halde seg. På vintertid forbrenn ein og meir grunna kulden. det er og lurt og ha med varm mat, og varm drikke for å halde kroppstemperaturen oppe. 

Til frukost kan det lønne seg med noko som tek kort tid og lage, samtidig som det inneheld komplekse karbohydratar, så ein har energi over lengre tid. Havregraut med bær,frukt, nøtter og rosiner er eit  godt eksempel. Havregrauten gir energi som varer lenge, og nøtter, bær og frukt gir simple karbohydratar, som gjer at ein får større overskot, og er klar til turen ein har føre seg. Den er også varm, noko som er ein stor fordel, iallefall i vinterfjellet. Grovbrød med pålegg kan og vere ein grei og enkel frokost.



Til lunsj er det greitt og laga noko som ein slepp og bruke stormkjøkken elle bål til. Dersom ein har kokt opp vatn til frukosten kan ein ha dette i ein termos og lage rett i koppen eller anna enkel mat ein berre treng å tilsette varmt vatn for å tilberede.  Ein kan og smørje seg ein matpakke som ein tek opp i lunsjtider. I lunsjen kan det og vere greit å få fylle på med litt raske karbohydrater så ein er klar til å starte på neste etappe. 

Middagen er det største og kansje viktigaste måltidet på dagen. Ein har ofte betre tid til å tilbrede dette måltidet. Ein kan lage middag på både stormkjøkken, bål og primus. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser for kva ein kan lage til her. Pinnebrød, bakt potet, tomatsuppe, panekaker osv. Ein kan steike alle typar kjøt, grønnsaker, potet og  lage gryterettar, wok og mykje anna. Men det er viktig å tenke på noko som mettar godt og varmar men samtidig tek lite plass og veg lite. 




Wednesday, October 22, 2014

Tur til Nuken/Halsavatnet

Me reiste frå skulen i hal 5 tida, og køyrde med minibuss og privatbilar opp gamle Dalavegen, til Åsen. Frå Åsen byrja me å gå i 5 tida og hadde eit veldig kjapt tempo på vegen opp. Me plukka med oss nokre turre kvistar kvar, som me fekk bruk for til bålet på kvelden, og stoppa eit par ganger for å navigere og sjå på kartet. Me brukte omlag ein time frå me byrja å gå til me hadde funne leirplass ved Halsavatnet.  Me blei samde om å ha leirplassen litt vest for vatnet, grunna ly for vinden, og meir ideellt underlag. Me var raske igang med å sette opp telta og gjere klar stormkjøkken og bål. Kvelden gjekk med til "spøkelse-historiar" og mykje latter rundt bålet.





Morgonen etter våkna me i 9 tida, åt enkel frokost, og pakka saman telta og sekkane raskt. Overraskane nok var det få som hadde frose i løpet av natta, men morgonen var ganske kald. Me byrja å gå i hal 11 tida, og gjekk rett opp til Nuken. Planen var å ha matpause der, men me gjekk istadan rett ned til Hylsete og tok maten der nede. Etter ein roleg halvtime i sola gjekk me vidare ned til Aaberge , og deretter nedigjen til skulen.




Turplanleggijnga gjorde me felles i timen før me reiste på tur. Planen var at me skulle møte ved friluftslivlageret klokka 16.00 torsdag ettermiddag. Me skulle gjere klart alt fellesutstyret og fordele det mellom oss, før taxien kom og henta oss 16.30. Me kom fram til at me brukte omlag eit kvarter opp til Åsen og med tanke på utpakking av bilane osv, rekna me med å starte å gå klokka 17.00. Klokka 19.00 skulle me etter planen vere oppkomne  og i gang med oppsetting telt. Denne planleggjinga fulgte me omlag til punkt og prikke, og hald alle tidspunkta til punkt og prikke.


Fredagen var skulle me stå opp i 9 tida, og vere pakka og klare til avreise rundt 10.30. Forrige tur hadde me rekna ein time til pakking og frukost, noko som vart litt knappt. No var me derimot klare ei god stund før avtalt tidspunkt, masse grunna kjølig temperatur og enklare frukost enn sist. Planen heretter var å gå til nuken og ha matpause der. Me endra somsagt denne ruta, og gjekk direkte ned til Hølsete. Me tok ein anna veg ned frå Nuken enn den me hadde planlagd, men det var eit veldig godt vegval. Me hadde sett av 3 kvarter til matpause, men valde å berre ta ein halvtime fordi det vart kjølig å sitte i ro over lengre tid. Klokka 14.00 skulle me ha levert inn fellesutstur, og vere klare til heimreise, dette klarde me omtrent å nå på minuttet. Turplanlegginga var veldig god, og me klarde og halde tidsskjemaet veldig bra!

















Tuesday, September 30, 2014

Bål

Mandag 29. September brukte me friluftslivtimane på å benne bål. Me gjekk opp i byggefeltet på Leite, og holdt oss på leikeplassen ved Rulin.  Når me kom opp var det allereide to studentar frå høgskulen som hadde gjort klart eit bål til oss. Me fekk ulike oppgåver, for å samle matreale til eit nytt bål. Nokre spikka småfliser og plukka bjørkenever, som skulle brukast til kveike. Nokre hogg opp ved-kubbane og nokre fann lengre pinnar som me skulle bruke til trefot.  Me samla oss rundt bålet som allerede var fyrt opp, og åt lunsj. Me hadde og med oss epler med sukker og kanel som "dessert". Medan me åt, laga studentane klart det andre bålet.






Før me reiste fikk me litt generell teori om bål. Pegodebålet, også kalla vinterbål eller firkantbål er oppbygd av dei tjukkaste og fuktigaste stokkane underst. Over dei legg me tørr og tynn ved, over der igjen legg nøreved, tynne tørre kvistar og tørre fliser. heilt på toppen har me bjørkenever, trefliser, tørr granris og anna matreale som tek lett fyr. Dette bålet set me fyr på fra toppen av, og det brenn nedover. Dette er eit bål som er lett å få fyr på og er lurt å bruke dersom underlaget er vått eller fuktig.


Eit anna type bål me kan bruke er pyramidebålet. Ein set då opp stokkane i ein pyramyde, og legg kveiken i midten. Dette bålet er fint å bruke dersom veden er fin, underlaget er tørt, og det etter omgivnadane er lett å få fyr på eit bål.

Me lagde og ein trefot. Denne set me over bålet og brukar han til å halde panner/kjeler som me skal varme opp. Me fann tre stokkar på halvannan meter og sette dei ved sidan av ein annan. Me brukte åttetalsknutar for å få det til å halde godt saman på toppen, og sette dei i ein trekant/pyramide. Me brukte eit nytt tog til å lage ei løkke, der me kunne henge ein krok til panna som skulle varmast. Kjelen heng no rett over flammane og ein får varme det ein skal!







Tuesday, September 16, 2014

Tur til Fjærlandssete

Den første turen med friluftslivklassen gjekk til Fjærlandssete den 15. September. Me reiste fra skulen i 9 tida, og køyrde minibuss og privatbilar til Øvstedalen. Me følgde traktorvegen eit godt stykke, før me fortsette på sti opp til Furesete. Der hadde me ein times matpause i sola, før me fortsette på siste biten fram til Fjærlandssete. Me hadde eit raskt og effektivt tempo heile turen, og brukte omlag 2 timar frå øvstedalen til fjærlandssete utan pause.
Når me kom fram sette me opp telta, skifta klede osv. før me hadde to timar "fri",  dei vart for vår del brukte til, fisking, bærplukking og nyting av sola. I 4 tida skulle me lage middag i teltgruppene og hadde nokre felles aktivitetar. Resten av kvelden brukte me rundt båla, med masse godt å ete å drikke og mange gode historiar vart det ein ektremt kosleg kveld! :) 






Planen var og vere avgarde i halv 10 tida neste morgon, men med litt lenger frokost enn planlagd reiste me ikkje før i 10 tida. me sette då kursen mot Fagereggja, der me tok ein liten matpause. Me gjekk deretter ned til Kolsetestølen før me gjekk ned til Kollsete og tok rutebussen tilbake til skulen. Tempoet på dag nr.2 var prega av gnagsår og lite søvn, så det gjekk litt saktare, men var alikevell jamnt. På denne turen brukte me omlag 3,5 - 4 timar frå me starta å gå til me var nede ved hovudvegen.





Det eg/gruppa mi gjorde litt feil på denne turen, var at me kunne ha berekna måltida litt bedre. Noko av grunnen til det var litt feilberekna var at me i utgangspunktet var 5 stk, og hadde berekna alle måltid etter dette. Men me hadde nesten ein pakke med kjøttdeig for mykje til middag, medan me hadde lite panekakerøre til frukost. Alle hadde med seg knekkebrø/brød og pålegg sjølve, så me fikk i oss nok mat alikevell, men fellesmåltida var litt for dårleg berekna. Det var heller ikkje så lurt å ha pannekakene til frukost med tanke på at det tek lang tid å steike dei, og me burde få oss raskt avgårde. 

Det eg synest eg jorde bra på turen var pakking av klede. Eg fraus ikkje, ikkje ein gang på natta, men hadde heller ikkje draksa med meg mykje unødvendig. Eg hadde 2 par ekstra med ullsokkar, og ein tynn dunjakke, som truleg er grunnen til at eg ikkje fraus. 

Eg lerde masse på denne turen, men det eg lerte mest av var nok den vesle episoden med stormkjøkkenet. Sjølv om det ikkje var så alt for dramatisk, så var det ein liten oppvekkar for kor fort elden faktisk sprer seg, og at du må passe godt på. Hadde dette flammane teke tak i teltduken, eller dette hadde skjedd inne i forteltet, hadde det vorte mykje vansklegare å sløkke, og det kunne og ha ført til skadar både på utstyr og personar. Eg har iallefall fått mykje større respekt for brann og flammar iløpet av turen! 


Her har eg teikna inn ruta som mi gruppe førte oss, ifrå Furesete til Fjærlandssete. For å få med heile ruta måtte eg zoome litt ut på kartet, så det vart ikkje med så mange stadsnamn. Men me starta somsagt på Furusete, der ein kan sjå tre sel som er inteikna på kartet. Me gjekk over si liti grov, der ein kan sjå eit fall i høgdekurvene.  Me følgde stien bortover langs myrene. Til nord-aust for Kalvehaug ligg det ein liten kolle, Oksli. Istaden for å gå over den, fortsette me langs myrene forbi kalvavatnet. Her var det ei anna gruppe som tok over og leda oss over myrene, nedover til Fjærlandssetevatnet. Me telta heilt nede ved vatnet, innanfor Olavsøyna.



Eg synest turen har vore veldig lærerik. Eg har vorte kjende med både lærarar og andre elevar i klassen på ein heilt anna måte enn kva ein blir av å ha vanlege timar. Fjærlandssete var nydeleg og været kunne ikkje vore bedre. Alt i alt ein minnerik og koseleg tur! :)