Turplanleggijnga gjorde me felles i timen før me reiste på tur. Planen var at me skulle møte ved friluftslivlageret klokka 16.00 torsdag ettermiddag. Me skulle gjere klart alt fellesutstyret og fordele det mellom oss, før taxien kom og henta oss 16.30. Me kom fram til at me brukte omlag eit kvarter opp til Åsen og med tanke på utpakking av bilane osv, rekna me med å starte å gå klokka 17.00. Klokka 19.00 skulle me etter planen vere oppkomne og i gang med oppsetting telt. Denne planleggjinga fulgte me omlag til punkt og prikke, og hald alle tidspunkta til punkt og prikke.
Fredagen var skulle me stå opp i 9 tida, og vere pakka og klare til avreise rundt 10.30. Forrige tur hadde me rekna ein time til pakking og frukost, noko som vart litt knappt. No var me derimot klare ei god stund før avtalt tidspunkt, masse grunna kjølig temperatur og enklare frukost enn sist. Planen heretter var å gå til nuken og ha matpause der. Me endra somsagt denne ruta, og gjekk direkte ned til Hølsete. Me tok ein anna veg ned frå Nuken enn den me hadde planlagd, men det var eit veldig godt vegval. Me hadde sett av 3 kvarter til matpause, men valde å berre ta ein halvtime fordi det vart kjølig å sitte i ro over lengre tid. Klokka 14.00 skulle me ha levert inn fellesutstur, og vere klare til heimreise, dette klarde me omtrent å nå på minuttet. Turplanlegginga var veldig god, og me klarde og halde tidsskjemaet veldig bra!
No comments:
Post a Comment