Andre ting ein må tenke på når det gjeld turmat er lite vekt og lite volum. Ein må også tilpasse maten etter årstidene. I frosttemperatur må ein tenke på at maten frys, og i varm temperatur må ein tenke på at maten skal halde seg. På vintertid forbrenn ein og meir grunna kulden. det er og lurt og ha med varm mat, og varm drikke for å halde kroppstemperaturen oppe.
Til frukost kan det lønne seg med noko som tek kort tid og lage, samtidig som det inneheld komplekse karbohydratar, så ein har energi over lengre tid. Havregraut med bær,frukt, nøtter og rosiner er eit godt eksempel. Havregrauten gir energi som varer lenge, og nøtter, bær og frukt gir simple karbohydratar, som gjer at ein får større overskot, og er klar til turen ein har føre seg. Den er også varm, noko som er ein stor fordel, iallefall i vinterfjellet. Grovbrød med pålegg kan og vere ein grei og enkel frokost.
Til lunsj er det greitt og laga noko som ein slepp og bruke stormkjøkken elle bål til. Dersom ein har kokt opp vatn til frukosten kan ein ha dette i ein termos og lage rett i koppen eller anna enkel mat ein berre treng å tilsette varmt vatn for å tilberede. Ein kan og smørje seg ein matpakke som ein tek opp i lunsjtider. I lunsjen kan det og vere greit å få fylle på med litt raske karbohydrater så ein er klar til å starte på neste etappe.
Middagen er det største og kansje viktigaste måltidet på dagen. Ein har ofte betre tid til å tilbrede dette måltidet. Ein kan lage middag på både stormkjøkken, bål og primus. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser for kva ein kan lage til her. Pinnebrød, bakt potet, tomatsuppe, panekaker osv. Ein kan steike alle typar kjøt, grønnsaker, potet og lage gryterettar, wok og mykje anna. Men det er viktig å tenke på noko som mettar godt og varmar men samtidig tek lite plass og veg lite.
No comments:
Post a Comment